
Er det mulig å publisere bilde på web - utan å gå vegen om bildebehandlingsprogram og PC og opplastingsrutiner? Ein måte å gjere det på er å bruke minnekort med innebygd trådlaust nettverk. Produsenten heiter Eye-Fi, og leverer ei rekkje variantar av slike kort. Pris i Noreg: Frå kr 595,- for eit SD-kort med 4 GB minne, igjen frå Fotovideo.
Det første kompaktkameraet med innebygd sendar for trådlause nettverk (Wi-fi, ikkje mobil) kom alt i 2005, og først ute var antakelig Nikon med Coolpix P1. Men bruken og brukarar av kompaktkamera og mobilkamera er gjerne dei same, og utviklinga i retning av stadig fleire og betre mobilkamera har gjort wifi til ein nokså uinteressant tilleggsfunksjon i kompaktkamera. Mange kompaktkamera til ein tusenlapp har innebygd wifi.
Erling Sivertsen har lenge vore opptatt av kameramobilen (mobiltelefon med kamera) og betydninga den har for fotojournalistikken, blant anna i forskingsprosjektet Kulturteknikker.
Dei siste åra har det vorte selt ca 400.000 kompaktkamera årleg, medan det har vorte selt nærare 2,5 millionar mobiltelefonar - og ca 2 millionar av dei har innebygd kamera, går det fram av tal frå Elektronikkbransjen.
Men framleis er det område der det trengst speilrefleks for å få tatt skikkelige bilde, og då blir det ein heilt annan og dyrare skål.
Speilreflekskamera har etter det eg kjenner til ikkje innebygd radiosendar - eit hint om at dette kan vere på gang finn ein i ein omtale av Nikon D90 av Nikon-guruen Ken Rockwell.
Så det har vore nødvendig med klumpete tilleggsutstyr, som til dømes Nikons WT-4 som du kan få kjøpt for kr 6.990,- på Fotovideo. Instrumentet ser ut som ein politiradio og krev at du pluggar ei ledning inn i kameraet. Canons tilsvarande produkt WFT-E5A (for 7D) har omlag same pris som Nikon, men skal skruvast fast i botnen på kameraet. Felles for begge dei to store leverandørane er at teknologien berre kan brukast på dei nyaste og dyraste kameraene. Eg går ut frå at dette er utstyr med stor overføringskapasitet der bilde i høg oppløysing vert tilgjengeleg for kunder berre sekund etter at dei har vorte tatt.
Men kan Eye-Fi løysinga fungere?
Det skulle prøvast i eit felteksperiment 2. juledag, Tussacup i fotball i Voldahallen.
Produksjonsflyt:
- Speilreflekskamera (med skikkelig optikk, naturlegvis)
- Eye-FI SD kort (4GB) med Wifi
- MacBook Pro med programmet Eye-Fi View
- Mobilt breiband
- Mappe i Picasaweb - klargjort for webpublisering
- Vindu inn mot Picasaweb på vti-fotball.no
Største plunderet med utstyret var å etablere kontakt mellom Eye-fi kortet og datamaskinen. Som regel når det gjeld Mac, så er ting enklare enn ein trur - etter at eg hadde valt "Opprett nettverk" så fall ting på plass.
Og naturleg nok barnsleg artig å sjå korleis miniatyrbilda dukka opp på dataskjermen, berre sekund etter at dei hadde vorte tatt.
Reint teknisk så fungerte løysinga. Men var det praktisk?
Fordelar med Eye-Fi løysinga er nettopp at den er trådlaus - det var ikkje noko plunder med å dra minnekort inn og ut av kameret og inn og ut av PC-en. Opplastinga frå dataen til Picasaweb var også uproblematisk og likeeins bildevisinga på nettsida. Ein manuell operasjon som eg ikkje kom meg unna var å flytte bilda frå Picasawebs mottaksmappe og over i mappa som var sett av til webpublisering. Det er godt mulig at dette trinnet kan forenklast med litt betre planlegging.
Ei ulempe med å bruke Eye-fi var at batteriet på kameraet gjekk raskare tomt enn til vanleg. Reservebatteri hadde vore tingen. Det gjekk heller ikkje veldig raskt å overføre bilda, og rekkevidda til kombinasjonen av Eye-fi kort og Macbook Pro såg ikkje ut til å vere mange metrane.
Dermed var det nødvendig å velje låg oppløysing og låg bildekvalitet. Om bilde skal brukast til anna enn webpublisering seinare så kunne det blitt vanskeleg.
Ei enklare løysing som antakelig kunne fungert betre var å ha to vanlege minnekort som eg så bytt på å bruke. Når det passa kan ein ta kortet ut av kamera, sette det inn i maskinen og overføre bilda til ei bestemt mappe i Picasa. Har ein så skrudd på synkronisering mot Picasaweb så blir resultatet det same - bilda blir overført til ei offentleg mappe på Picasa. Men på weben kan ein overføre bilda i redusert kvalitet, sjølv om bilda var i høg oppløysing på datamaskinen. Men det vil naturlegvis ta lenger tid å overføre bilda frå SD-kort til maskin sidan bildefilene er større.
Uansett ei ny oppleving å kunne ha publisert bilde på nettsida nesten samtidig som turneringa var ferdig - det er som kjent ikkje grenser for kor mykje tid ein kan bruke på å sortere bilde etter ei god fotball-foto økt.
Lysbildeserie henta frå Picasaweb:
